Nær Alexandersplaz som er eit praktisk trafikknutepunkt med flytog, trikk og U-bahn. Eit område med mykje liv, men likevel roleg rundt hotellet. Greie rom med gode senger og sengetøy. Men rart at lyset på badet er kopla saman med alt taklyset på rommet, veldig upraktisk om ein går på toalettet om natta, eller vil stå opp tidlegare enn den ein deler rom med. Dei steller ikkje automatisk rommet under opphaldet med mindre du bed om det. Tenkjer det då skulle vere ein lapp ein kunne henge på døra på same måte som "ikke forstyrr" istf å måtte stå i kø i resepsjonen. Tenkjer i etterkant at eg skulle ha avtalt reingjering då vi sjekka inn. Vi fekk ekstra handdukar i resepsjonen på forespørsel. Personalet er hyggelig, og frukostbuffeten god.